Vinje kommune tek miljøansvar og skal bli ein miljøfyrtårnkommune jamfør pkt. 1 i målsetjing 1 - Kommunen er ein føregangsverksemd i grøn omstilling i kommunedelplan for klima og berekraft, vedteke i kommunestyret 15.04.21, SAK 21/26.

Bakgrunn

Verda stend ovanfor betydelege og komplekse miljøutfordringar som krevjar omfattande innsats både lokal, nasjonal og internasjonal for å bli løyst. Det er auka bevisstheit knytte til naudsemd av å byggje berekraftige samfunn der ivaretaking av miljø og natur stend sentralt. Vestfold og Telemark fylke har vedtatt at CO2-utsleppet skal reduserast med 60 % innan 2030, og vere eit lågutsleppssamfunn innan 2050.  Miljøfyrtårnsertifisering er eit svært godt tiltak og verktøy for klimaarbeidet som må gjennomførast i kommunen. I tillegg til klimaendringar og klimagassutslepp, er det fleire kritiske miljøutfordringar som må handterast gjennom ein systematisk tilnærming.

Kommunens tenesteproduksjon har ein betydeleg påverking på miljøet og kommunen kan redusere både sitt økologiske fotavtrykk og sitt materielle fotavtrykk gjennom systematisk miljøleiing. Kommunen skal vere bevisst eiget globalt miljøfotavtrykk og forhindre lokale og globale negativ miljøpåverkingar. Gjennom kunnskap og innsikt om globale konsekvensar av egen åtferd lokalt, skal kommunen styrke eiget arbeid med miljø og berekraft.

Miljøleiing er leiing av verksemder med fokus på miljø og verdiskaping med lågast mogleg ressursbruk. Miljøleiing brukas for å regulere verksemdas påverknad på det ytre miljø. Gjennom miljøpolitikk og miljømål styrast aktivitetar, produkt og tenester integrert i verksemdas øvrige styrings- og leiarfunksjonar. Miljøleiing er endringsleiing og har fokus på kontinuerleg miljøbetring og berekraft i alle ledd i verksemda.

Innføring av Miljøfyrtårns hovudkontormodell vil bidra til ein betre forankring av miljøleiingsarbeidet i heile kommunen ved at miljøleiing i større grad blir integrert i kommunens styring av verksemd.

Kva gjev miljøfyrtårn ein kommune

  • Miljøleiing – får ein samla miljøoversikt over verksemda i kommunen innan avfall, transport, energiforbruk, innkjøp og HMS.
  • Godt verktøy for reduksjon av kostnadar.
  • Viser kommunens eige klimaavtrykk etter eigne direkte utslipp.
  • Gode samlerapportar og enkeltrapportar over kommunens tenesteområde.
  • Årleg måling av miljøprestasjonar og klimarekneskap.

 

 

Prosjektets mål 

Målet for prosjektet er å innføre integrert miljøleiing med sertifisering av administrasjon og samtlege underliggjande einingar i kommunen. 

Gjennom heilskapleg og langsiktig arbeid med miljøleiing, skal kommunen gjennom sine verksemder betre sine miljøprestasjonar, redusere klimagassutsleppa – og bidra til ein berekraftig kommune.  Gjennom kopling med verksemdas styringsdokumenter, risikovurderingar, handlingsplaner, miljømål og strategiske tenking er målet i stor grad oppnåeleg. 

Skildring av Miljøfyrtårns Miljøleiingssystem

Miljøfyrtårn er Noregs mest brukte sertifisering for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. Å være Miljøfyrtårn inneber systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Verksemda oppfyller krav og gjennomfører tiltak for ein meir miljøvennleg drift og godt arbeidsmiljø. Miljøfyrtårn har tilpassa krav for ulike bransjar og sertifikatet gjevast etter en uavhengig vurdering. Verksemda må dokumentere og oppfylle både lovbestemte krav og krav pålagt av Miljøfyrtårns sertifiseringsordning. Krava omfattar miljøaspekt energi, avfall, transport, innkjøp og arbeidsmiljø, der aktuelle tema som matsvinn og plast er inkludert. Gjennom årleg rapportering vil kommunen få tilgang til klima og miljørapportar for alle sertifiserte verksemder og statistikk for heile organisasjonen.

Hovudkontormodellen er ein sertifiseringsløysing for kommunar og større konsern.  

Modellen inneber at ein god del av krava til einingane kan dekkes av hovudkontoret, altså sentraladministrasjonen (kommunehuset). Dette sikrar ein forankring av miljøstyrings-systemet der ansvaret natureig høyrer heime samtidig som underliggjande einingane må oppfylle sine miljøkrav, men med færre kriterier å halde seg til. På denne måten sikrar me at alle våre undereiningar jobbar kontinuerleg for å redusere sine lokale miljøpåverkingar, i samsvar med kommunens overordna miljømål. Arbeidet vil også kunne bidra til å oppnå fleire av FNs berekraftsmål. 

For å sikre kontinuerleg betring og god miljøstyring, må alle Miljøfyrtårn-verksemder resertifiserast kvart tredje år. Det inneber at både hovudkontor og underliggjande einingar må gjennomgå og dokumentere at sertifiseringskriteria framleis oppfyllast. 

Systematisk og heilskapleg arbeid med eiga miljøeffektivitet vil over tid gje redusert klima- og miljø belasting og kostnadskutt. Kommunen har en stor påverknad og symboleffekt ovanfor lokalt næringsliv, organisasjonsliv og befolkning. For at vår kommune på ein truverdig måte skal kunne stille krav til leverandørar i samkaupsavtalar og anskaffingar bør me ha «feid for egen dør».  
 
Med tanke på kommunens samfunnsrolle er kommunen ein pådrivar og baner veg og stiller krav til vårt næringsliv, samarbeidspartnarar og innbyggjarar. Dette sjåast på som viktig inn imot det grøne skiftet. 

Politiske føringar

Kommunen fører en ambisiøs miljø- og klimapolitikk og har ein rekkje ambisiøse klima og miljøtiltak i handlingsplanen for nå målsetjingane i Plan for klima og berekraft. Den overordna målsetjinga i planen er å redusere CO2-utslepp med 60 % innan 2030 i høve til referanseåret 2009 og syte for ein klimatilpassa og robust kommune.

Prosjektorganisering

Styringsgruppa

Rolle

 

Namn 

 

Tittel 

Rådmann (prosjekteigar) 

Jan Myrekrok 

Rådmann 

Avd. Plan, økonomi og berekraft (PØB) 

Gry Åsne Aksvik 

Plan- og økonomisjef 

Avd. Teknisk drift og infrastruktur (TDI) 

Åge Verpe 

Teknisk sjef 

 

Arbeidsgruppa/Miljøgruppe

Arbeidsgruppa bestend av ein tverrsektoriell gruppe innanfor miljø, HMS, innkjøp, transport, energi, samt skule og helse. Skule og helse er viktige bidragsytarar i gruppa for å sikre gjennomføring av miljøleiing ut i organisasjonen.

 

Rolle 

Namn 

Miljøfyrtårnansvarleg og miljøansvarleg 

Anne-Sofie Bergene Strømme 

HMS ansvarlig 

Margit Elise Karlsen 

Innkjøp ansvarlig 

Knut Seltveit 

Drift/bygg ansvarleg 

Magne Tveiten 

Rep. skule 

Aud Lillian Hustveit 

Rep. helse 

Kari Dalen 

Sertifiseringsobjekt 

Det er totalt 22 undereiningar som skal sertifiserast i Vinje kommune, med årsverk per 2021 på 460. Kommunehuset blir sertifisert som hovudkontor, underliggjande einingar er barnehage, skule, helseinstitusjonar, bibliotek, samfunnshus mm. Kommunehuset og Rauland skule er piloteiningar og skal sertifiserast i løpet av våren 2022.

Skular og barnehagar vert sertifisert først, deretter helseinstitusjonar osv. Det kan gjennomførast gruppesertifisering for liknande einingar. For å kombinere tilknytta undereiningar, må dei liggje under «same tak» og ha same HMS-system og leiing. Skular delast inn mellom barneskule (1-4 trinn) og ungdomsskule (5-10 trinn) dersom dei ikkje ligg under same tak. Dette vil også betre inkludere elevar inn i sertifiseringsprossessen, samt med å følge opp arbeidet vidare med tiltak og årleg miljøkartlegging innan undereininga. 

Framdriftplan - utkast *

Fase 1: Planlegging av prosjektet, organisering og forankring – Vår og haust 2021 

Fase 2: Sertifisering av hovedkontor – Ferdigstilt juni. Dokumentasjon klart innan 01.06.2022 

Fase 3: Sertifisering av underliggende enheter: 

  •  Pulje 1 (barnehager og skoler) – Oppstart haust 22, mogleg ferdig vår 23. 
  •  Pulje 2 – (sjukeheim og heimeteneste) - Oppstart haust 23, mogleg ferdig vår 24. 
  • Pulje 3 – (bibliotek, samfunnshus) - Oppstart haust 23, mogleg ferdig vår 24. 

Fase 4: Overlevering av prosjektet til linjen. Og årleg oppfølging av miljøleiing. 

Fase 5: Kontinuerlig forbetring – årlig oppfølging av miljøledelse og resertifisering hvert 3. år 

*Framdriftsplanen må godkjennast av styregruppa

Meir info:

https://www.miljofyrtarn.no/

https://www.miljofyrtarn.no/virksomhet/sertifiseringskriterier/

Ta kontakt med miljøgruppa eller prosjektleiar om de har spørsmål til prosjektet.
Anne-Sofie B. Strømme
tlf. 48 11 84 29
Epost