Når sommaren kjem er det trekking av trimkortpremiar og gåvekort for spreke tilsette i Vinje kommune.
Dette året er det 268 deltakarar, deltakinga har variert frå 227 til 272 i koronaåret 20/21 (dette utgjer nesten halvparten av dei tilsette).

Ordninga frå 2008 har vorte tru tradisjon og har som mål å motivere tilsette på eit lågterskelnivå til å vere fysisk aktive.
Som arbeidsgjevar ynskjer Vinje kommune at dei tilsette skal ha ei god oppleving av å vere aktive, noko som og har ein førebyggande helsegevinst og er gunstig for å auke jobbnærværet.

Premiane er gåvekort på 600,- og 1200,-, som vert nytta på dei lokale sportsbutikkane.
I tillegg er det trekking av tre større premiar frå sportsbuikkane og arbeidsgjevar.
Kostnaden for ordninga er vel anvende midlar for å førebygge god helse, trivsel og vere ein attraktiv arbeidsplass.

Rådmannen seier det er ein god tradisjon å møte sportsbuikkane på denne måten og takkar for at dei stiller opp.
Tilsette kan no setje i gang med ny og aktiv sesong.

Vinnarane

 1.premie, Sykkel verdi 12.000,-  Sport1

  - Malene Renate Sandvik Djuvet, Åmot skule

2.premie, gåvekort verdi 10.000,- Vinje kommune

- Inger Marie Gunvaldjord, TDI reinhald

3.premie gåvekort verdi 6000,- Rauland Fjellsport

- Frances D. Mulbah, Svingen