Fylgjande er gjeldande for helsepersonell i VHO inntil vidare:
Fullvaksinerte som definerast som nærkontaktar
- Skal informere leiaren sin.
- Kan møte på arbeid etter negativ hurtigtest, dagleg.
- Testing skal gjennomførast dagleg i 7 dagar.
- Under arbeid skal det nyttast munnbind til ein kvar tid, og i pasientkontakt skal det også nyttast hanskar.
- Det bør haldast 1 meter avstand til kollegar i 7 dagars perioden.
- Ved symptom som kjenneteiknar covid-19 i denne perioden, skal den tilsette straks forlate arbeidsplassen, eller ikkje møte på arbeid. Leiar skal informerast om dette.
Uvaksinerte som definerast som nærkontaktar
- Skal informere leiaren sin.
- Skal ikkje ha pasientnært arbeid.
- Bør helst omplasserast til andre arbeidsoppgåver utanfor avdelinga i 7 dagar.
- Det må ligge føre negativ PCR test og vurdering av smitteteam/kommuneoverlege før personalet kan returnere til pasientnært arbeid.