Vinje kommune har som arbeidsgjevar vald å utvide retten til å nytte eigenmelding med 16 dagar etter oppmoding frå Regjeringa.

  • Er du i heimekarantene som ein fylgje av tiltaka for å stoppe spreiing av koronaviruset, så treng du ikkje ta kontakt med fastlege eller legevakt for å få sjukemelding, viss ikkje sjukefråværet vert forlenga etter 16 dagar.
  • Heimekontor vil kunne vere ei løysing for nokon som må sitte i heimekarantene.

Ta kontakt med arbeidsgjevar for å orientere om situasjonen og avtale bruken av eigenmelding. Dialogen med din leiar er særs viktig.

Denne retten gjeld inntil ny informasjon vert gjeven. Sjå elles Regjeringa.no for oppdatert informasjon om karantene og heimesida til Vinje kommune.

Mvh Personalavdelinga