Vinje kommune er no i gong med ei satsing som mellom anna handlar om å sjå på korleis samarbeidet om kompliserte oppgåver fungerer i  kommunen. Satsinga har me valt å kalle Samskaping

Det kan vere utfordrande å løyse kompliserte oppgåver der fleire einingar må samarbeide. Dette kan til dømes dreie seg om samarbeid kring ein brukar eller ei brukargruppe som treng fleire ulike tenester frå kommunen.I slike høve er det avgjerande at dei ulike tenestene jobbar godt saman, og finn fram til gode løysingar i samarbeid med brukaren det gjeld. Der den relasjonelle kapasiteten (samarbeidsevna) er høg vil brukarar oppleve å få gode og samanhengande tenester. Kommunen prøvar no ut eit nytt konsept for å forsterke samarbeidet om løysingar av kompliserte oppgåver på tvers. Gjennom ei analyseplattform som er utvikla av Joint Action Analytics kan me gjennomføre forskjellige typar analysar som kan syne korleis samarbeidet om kompliserte saker fungerer. Det er etablert ei tverrfagleg ressursgruppe der personar frå helse- og omsorg, integrering og oppvekstsektoren sit. Denne gruppa får i desse dagar opplæring i bruk av denne analyseplattforma. Me håpar og trur at dette verktøyet vil kunne hjelpe oss i arbeidet med å forsterke samarbeidet kring kompliserte saker-til det beste for brukaren.

samskaping.jpg