Hei,
som personvernombod i Vinje kommune vil eg informere om behovet for å sikre personvernet i sakshandsaminga.

Det er mange av dykk som har fokus på dette, likevel kan me oppleve at det kan skje avvik. For å minimere risiko for avvik er det viktig at alle leiarar og sakshandsamarar har kjennskap til personvernlova (GDPR).

I personvernlova er rettane til «den registrerte» sterk. Me som arbeider i eit offentleg forvaltningsorgan må vita kva som er ansvaret for å ivareta personopplysningane til dei registrerte.

Viss me er årsak til at personopplysningar kjem på «avveie» så skal «den registrerte» informerast og melding skal sendast til datatilsynet innan 72 timar frå me fekk kjennskap til det.

KVA ER EIN PERSONOPPLYSNING?
Personopplysningar er alle opplysningar og vurderingar som kan knyttes til deg som enkeltperson: namn, adresse, telefonnr., e-post og fødselsnummer. Bilete, lydopptak, fingeravtrykk, irismønster og hodeform er også personopplysningar.

Sensitive personopplysningar:
Opplysningar om rasemessig eller etnisk opprinnelse, politisk oppfatning, religion, filosofisk overbevisning, fagforeningsmedlemskap, genetiske opplysningar, helseopplysningar, biometriske opplysningar, seksuelle forhold og seksuell legning.

Det er viktig at de som sakshandsamarar sjekkar godt at det ikkje kjem ut unødige personopplysningar i dei sakene som vert lagt ut offentleg.

Til orientering så kan identitetstyveri gjerast ved at nokon får tilgang til mitt namn og personnummer.

Ber om at de loggar dykk inn i KS læring for å ta desse kursa i informasjonssikkerhet:  (sjå påloggingsinformasjon i vedlegg til denne mailen eller ta kontakt med underteikna om de treng hjelp til registrering fyrste gong)

https://www.kslaring.no/local/course_page/home_page.php?id=24763&start=0

https://www.kslaring.no/local/course_page/home_page.php?id=24759&start=0  (for leiarar)

Lurar de på noko om dette eller er de usikre på skjerming i høve personopplysningar eller offentleglova så ta kontakt med din leiar, organisasjonssjef Margit E. Karlsen eller personvernombodetJ Hugs at ingen spørsmål er dumme!

De kan lese meir om personvern og verksemda sine plikter på: https://www.datatilsynet.no/

KSLæring - Brukerregistrering

Med helsing

Eva Vistad
Personalrådgjevar/personvernombod
Fellestenesta

Telefon: 35 06 23 20/ Mobil: 919 98 505