I dag hadde personalavdelinga ved Fellestenesta opplæring for 7 nytilsette i kommunestyresalen. 

Det starta med ein presentasjon av alle deltakerane.

Tema som blei gjennomgått var:

  • kommunens organisering (politisk og administrativ)
  • personalpolitiske retningsliner
  • medarbeiderskap (verdiar, haldningar, arbeidsmiljø og leiarskap)
  • kommunens internett- og intranettsider
  • HMS (varslingsplakata, varslingsrutiner, sjukefråvær, medverknad, konflikthandsaming, AKAN)
  • hovudavtala og hovudtariffavtala i korte trekk
  • KS læring
  • Compilo (finne rutiner og skrive avvik)

Det blir opplæring av nytilsette 2 gonger i året.