Me ynskjer å halde alle tilsette godt informert. For å sikre dette legg me ut ei oppdatering kvar fredag med informasjon om kva som har skjedd den siste veka, kva for avgjerdsler er tatt og om kva som skal skje kommande veke.

I tillegg til dette kan alle tilsette som lurar på noko sende spørsmålet til organisasjonssjef Margit Elise Karlsen enten på e-post eller i internposten. Organisasjonssjefen vil ta alle spørsmål, med svar, med på neste statusoppdatering. Alle spørsmål vil bli anonymisert.

E-post til organisasjonssjefen: margit.elise.karlsen@vinje.kommune.no

 

Infobrev veke 35 - administrasjonsutvalet si tilråding om ny struktur

Les tilrådinga her

Infobrev veke 25 - organisasjonsgjennomgang

Då ligg tilrådinga frå styringsgruppa føre – sjå vedlagde prosessrapport frå Agenda Kaupang.

Det som no står att er sluttvurderingar og moglege justeringar kring tilrådinga frå styringsgruppa, og presisering av fullmaktsstruktur framover. Rådmannen vil bruke tida fram mot møte i administrasjonsutvalet 2. september på dette.

Vidare skal me ha eit eige prosjekt på administrative ressursar innan skular og barnehagar med fokus på korleis desse ressursane blir nytta i dag, kva oppgåver som blir løyst, og kva me treng framover for å ha tilstrekkeleg ressurspådrag til å utvikle enno betre tenester i framtida. Starten på dette arbeidet må kome når einingane er ferdig med oppstarten av det nye skule- og barnehageåret. 

Den overordna organisasjonsgjennomgangen vil også bli fylgt opp av ein eigen gjennomgang av dagens helse- og omsorgseining. Me kjem nærare tilbake til dette etterkvart.

Riktig god sommar :-)

Prosessrapport - organisering av Vinje kommune finn du her

Infobrev veke 22 - organisasjonsgjennomgang

Ei grov oppsummering frå dialogmøte 2, 25. mai, låg føre i slutten av førre veke. Sjå eige vedlegg frå Agenda Kaupang. Elles må rådmannen melde om at arbeidet i styringsgruppa stoppar opp pga UNIO-streiken, samt sjukefråver. Det gjer at prosjektet sin sluttdato vil bli skuva til slutten av juni.
 
I dialogmøtet vurderte deltakarane tre ulike prinsipielle modellar som alternativ til dagens organisering, og drøfta fordelar og ulemper med desse opp mot evalueringskriteria som er sett.  
Innleiingsvis minna rådmannen om at me må fokusere på brukarbehovet og kva funksjonar organisasjonen skal fylle, og bad om at ein hadde med seg dette i vurderingane:
1. Eit effektivt operativt nivå som server brukarane på ein god måte
2. Eit strategisk nivå som har ein god overordna strategi for organisasjonen, og som koordinerer ressursane på ein god måte
3. Kompetanse for evaluering og analyse  
4. Felles støttefunksjoner som gjer operativt nivå effektivt 
5. God forankring på politisk nivå. Dette føreset openheit og dialog
Det som no står att er styringsgruppa sin tilråding til rådmannen og vidare rådmannens tilråding til kommunestyret.
 
 

Infobrev veke 19 - organisasjonsgjennomgang

Rapport frå nosituasjonen låg føre i slutten av veke 17 – sjå Agenda Kaupang sin presentasjon her. I veke 18 har styringsgruppa fastsett kriterier for evaluering av organisasjonsmodellar, og onsdag denne veka skal Agenda Kaupang i møte med styringsgruppa presentere dei første prinsippskissene til justert organisasjonsmodell.

Styringsgruppa har plukka ut desse seks evalueringskriteria for framtidig organisasjonsmodell:

Gjennom desse kriteria vonar me å skape ein organisasjon som:

  • Tenkjer det beste for brukarane og lokalsamfunnet i Vinje.
  • Legg til rette for tydeleg delegering og symmetri mellom leiarnivå.
  • Understøttar ansvarleggjorte leiarar – tett på brukarar og tilsette
  • Legg til rette for heilskapleg leiing
  • Har korte avgjerdsliner
  • Framleis har rammestyring
  • Gjev oss ein dynamisk og endringsdyktig organisasjon
  • Legg til rette for betre flyt i organisasjonen
  • Legg til rette for å ivareta gode tenester
  • Legg til rette for «ei dør inn»
  • Legg til rette for å ivareta eit godt arbeidsmiljø
  • Sikrar lik arbeidsgjevarpolitikk i heile kommunen
  • Legg til rette for tverrfaglig samskaping og samarbeid

Infobrev veke 16 - organisasjonsgjennomgang

Fredag 23. april har det vore dialogmøte 1 med tilsette. Deltakarane er dei same som har vore respondentar tidlegare i prosessen. Føremålet med møtet er å bli samde om skildringa av nosituasjonen for kommunen. Sentralt har vore å kvalitetssikre, supplere og prioritere funna i dialogen med respondentane.
 
Meir konkret har ein sett på styrker og utfordringar under følgjande overskrifter:
 
1. Tenesteyting, lokalsamfunnsutvikling og heilheitleg forvalting
2. Roller, ansvar og delegering
3. Tverrfagleg samhandling og samarbeid
4. Styring og heilheitleg leiing
5. Administrative funksjonar – stab og støtte 
6. Administrasjonen opp mot politisk nivå
 
Fredag 30. april er planen å ferdigstille skildringa av nosituasjonen. Endeleg versjon av denne blir lagt ut på intranettet.

Infobrev veke 15 - organisasjonsgjennomgang

Denne veka har Kommunestyret, mot éi røyst, godkjent oppstart av gjennomgang av den administrative organiseringa, og det vore arbeidsmøte nummer to i styringsgruppa.

Til no har om lag 50 leiarar og medarbeidarar blitt intervjua av Agenda Kaupang i veke 12 og 14, der formålet er å kartlegge nosituasjonen og styrker og utfordringar med dagens organisering. Utveljing av respondentar til intervjua har blitt utført av einingsleiarar og rådmannen. I gjennomgangen skal me halde oss til den overordna administrative organiseringa og fullmaktsstrukturen. Dette har vore førande for kva for roller Agenda Kaupang treng å få tilbakemeldingar frå. 

Neste fredag i veka som kjem skal dei same respondentane delta i dialogmøte og der vil utkast til skildring av nosituasjonen, det vil seie styrker og utfordringar ved dagens organisering av kommunen, blir presentert. Presentasjonen oppsummerer funna Agenda Kaupang har gjort gjennom intervju og fokusgrupper i kommunen, og arbeid som har vore gjort i kommunens prosjektgruppe.

Føremålet med dialogmøtet er å få innspel på om oppsummeringa av styrker og utfordringar er gjenkjennbar, og slik sett dannar et grunnlag for vidare arbeid med overordna organisering av kommunen. Regien i møtet vil vere ein kombinasjon av presentasjon i plenum, og arbeid i grupper.

 

Infobrev veke 13 - organisasjonsgjennomgang

Denne veka har Administrasjonsutvalet samrøystes godkjent oppstart av gjennomgang av den administrative organiseringa, og fyrste arbeidsmøte for styringsgruppa er gjennomført.

I styringsgruppa sit Liv S. Årlid (HTV Fagforbundet), Gøril Ramo Håve (HTV Utdanningsforbundet), Svein Ekre (HVO), Åge Verpe, Margit Elise Karlsen, Anders Sandvik, Gry Åsne Aksvik, Kari Dalen og Jan Myrekrok.

Det er gjennomført enkeltintervju av einingsleiarar denne veka. Gruppeintervju med tilsette blir gjennomført i veke 14. Tema for intervjua er no situasjonen i kommunen. Det er Agenda Kaupang som gjev kommunen bistand i prosjektet