Kven skal teste seg

  • Kun dei som har nyoppståtte luftvegssymptom

Myndigheitane stiller krav til kven som får hente sjølvtestar. Det blir ikkje delt ut testar til dei som ikkje er innanfor krav til testing. 
Ynskjer du å ha ein test i bakhand heime, kan du kaupe denne på apoteket.

Her kan du hente hurtigtestar

  • Tenestetorget (kommunehuset i Åmot)
    Måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00
  • Biblioteket i Åmot
    Laurdag og sundag kl. 12.00 - 14.00
  • Biblioteket på Edland
    Torsdag kl. 16.00- 19.00
  • Biblioteket på Rauland
    Onsdag kl. 16.00 - 19.00

Kvar skule delar ut testar til sine elevar som skal ha.
Foreldre til den smitta eleven kan og hente testar på skulen dersom dei har symptom.

Til deg som testar positivt

  • Meld positiv test inn til Vinje kommune her
  • Ved positiv test, er det tilrådd å halde seg heime i 4 døgn frå symptomstart og uansett fram til ein har vore feberfri i eit døgn.
  • Du må sjølv informere nærkontaktane dine snarast.

    Med nærkontakt meines under 2 meter i over 15 minuttar, 48 timar før positiv test eller symptomstart.