I dag opnar kommunehuset igjen for publikum. Opningstider på huset og sentralbord vil fram til 1. september vera kl. 9-14.
- Treng de IT hjelp ring vtds support 992 02 519 – epost: support@vtds.no
- Telefon til tilsette finn du i telefonboka. Den skal alle ha på skrivebordet sitt.
- Utanom opningstid (9-14) kan du ringe Tenestetorget på internnumra 2572,2573 og 2574. E-post: tenestetorget@vinje.kommune.no.
Smittevernreglar på kommunehuset:
- Tilsette på kommunehuset som mottek besøk må koma ned til Tenestetorget for å hente dei, samt gå med besøkande tilbake til Tenestetorget ved avslutta møte. Det er viktig å sikre at besøkande ikkje går rundt i gangane og at me har kontroll på kven som er på huset.
- Alle må vaske hendene før dei kjem inn i resepsjonsområdet. Det er eit bord i «mellomgangen» med spritflaske
- Besøkande må stoppe 1m frå pulten der dei blir teken imot på Tenestetorget. Grensa blir i fyrste omgang merkt med tape på golvet.
- Ikkje fleire enn 4 besøkande skal være inne i resepsjonsområdet samtidig.
- Sittegruppa i resepsjonsområdet er flytta på slik at der er meir avstand mellom sitteplassane.
Brosjyrer, informasjonskort og aviser er fjerna frå borda i området