Oppstart for riving vil starte mandag 5 oktober. Det vil medføre noko endringar i drifta vår, men me håpar å kunne drive tilnærma som normalt. De vil merke at det vil vera handverkerar i bygget, og at det til tider kan bli noko flytting av rom innad i lokalet. Lab vil midlertidig bli flytta lengre inn i avdelinga, og venterommet vil midlertidig bli lokalisert inn til venstre for hovudinngangen. Det vil ikkje vera høve til å ta røntgen ved Åmot legekontor i denne perioden.  Me håpar at de har forståing for dette.

Grunna byggeprosess vil det bli begrensa med parkering rundt legekontoret. Besøkande og tilsette må difor parkere andre stadar.

Arbeidet vil vare fram til vår/sommar 2021.

Viktig melding frå prosjektleiar for ombygginga av legekontoret Kjetil Vaagen og Håvard Bratland på Spar om parkering utanfor Helsehuset:
Fint om tilsette parkerar langs asfaltkanten ut mot kommunehuset, slik at det vert nok plass for parkering for kunder på Spar og for pasientar/besøkande på helsesenteret. Det nærmar seg haustferie, og det vil bli ein del trafikk i området. Ein kan parkere på heile rekka bort langs asfaltkanten.