Intranett har som du ser fått ny utsjånad

Det er tenkt at intranett skal vera litt meir brukarvennleg i høve aktuell informasjon/kommunikasjon. 

Den øvste linja
her er det lite oppdateringar, men nyttig informasjon. Snarvegar har fått mindre plass. Dei ligg no lista opp under knappen snarvegar. For dei som har bruk for ein eller fleire av desse og syns dei er blitt "gøymt", kan legge link direkte på skrivebordet sitt ( Be Tenestetorget om hjelp om du lurar på korleis du gjer det)

Dei blå boksane
skal innehalde meir dynamisk informasjon og når det blir oppdatert informasjon inn under desse boksane vil det bli annonsert under nyheiter, slik at alle skal få det med seg.

Nyheiter
vil bli bruka som i dag, men med forhåpentlegvis meir aktivitet, då me ynskjer å få meir info frå dei ulike einingane ut her.

Ledige stillingar
denne boksen er foreløpig fjerna, då det er veldig få stillingar i løpet av året. Stillingane vil bli lagt ut under nyheiter og vil bli liggande i fyrste bilde til søknadsfrist er ute.

Gje oss gjerne tilbakemelding på om det er ting du ikkje finn eller har merknader til: tenestetorget@vinje.kommune.no