17.09.20 vart det valt ny HT-leiar/tillitsvalt for Utdanningsforbundet i Vinje.

Den som tek over vervet etter Aud Lillian Hustveit er Gøril Ramo Håve. Ho er lektor ved Edland skule der ho dei neste to åra vil undervise 40%, resten av tida (60%) vil ho arbeide for forbundet. Gøril seier at  dette er ei bratt læringskurve og eg gledar meg til å koma i gang.

Gøril vil vera på kontoret i 5. etasje på kommunehuset på måndagar, onsdagar og torsdagar.