Standarden bidreg til betre pasientsikkerhet og er ein føresetnad for å begrense utbrot og spreiing av smittsamme sjukdommar i helsetenesta og samfunnet. 
Tilsette v/Vinje reinhald og tekstil deltok på webinar om ny standard for reinhald i helse- og omsorgsinstituasjonar. Etter Korona ser me særleg kor viktig det er å ha god kunnskap om smittespreiing og reinhald. Som reinhaldarar er me opptekne av å ha kjennskap til reinhaldskravet innan dei ulike bransjane. 
 
Denne standarden har til hensikt å:
Redusere risiko for smittespreiing og helsetenesteassosierte infeksjonar
Sikre samarbeidet mellom reinhald, smittevern og verksemd
Beskrive og sikre kvalitetskrav til reinhald i helse- og omsorgsinstitusjonar
Bidra til ivaretakelse og vedlikehald av bygg og overflater
Ivareta inneklima