Thomas Østvedt Skjellaug frå Rjukan er blitt tilsett i nyoppretta stilling som ruskonsulent. Thomas bur på Dalen med sambuar og 5 barn. Han starta i stillinga 17. august, og har kontorplass i NAV bygget.

Thomas er utdanna ambulansearbeidar og sjukepleiar. Han har lang erfaring frå blant anna Forsvaret og ambulansetenesta. Det siste året har han jobba i avdelinga for psykisk helse og rus. 
Ruskonsulenten vil inngå i allereie eksisterande tverrfaglege ambulante team i avdeling for psykisk helse og rus. 

Thomas ser fram til å utvikle det rusfaglege arbeidet i kommunen framover.