Leif Sondre Romtveit starta, 21. september, som rekneskapsansvarleg på ØPU.

Han er opprinneleg ifrå Grungedal, men bur i Seljord. Leif Sondre har arbeidd 14 år i bank, 8 av dei som rekneskapssjef i Seljord Sparebank/Sparebanken Din. Deretter 5 år som rekneskapsførar i Seljord Rekneskapsservice på alt frå enkeltmansforetak til store aksjeselskap med opptil 60 tilsette, no er han klar for nye utfordringar. Hans hovudinteresser er jakt, friluft og musikk.