Åsmund Ringhus Nordheim er tilsett som rådgjevar for plan- og byggesak.
Han tok til i stillinga 18.10.21.
 
Åsmund er oppvaksen i Bøgrend, er 25 år og utdanna byggingeniør med fagbrev som tømrar. Han gjekk på Universitetet i Sørøst-Norge og var ferdig no i vår.
Interesser er jakt og fiske, ski og trening. Han gler seg til å koma i gang og bli kjend med andre tilsette i kommunen.