Aslaug Ringhus frå Åmot er tilsett som personalrådgjevar ved Fellestenesta. Ho skal vere vikar for Eva Vistad tom 31.03.22. I tillegg til personalarbeid vil Aslaug òg arbeide med lønsforhandlingar, kvalitetsarbeid, koordinering av lærlingar, HMS og leiarstøtte.

Aslaug bur i Åbøgrend og har jobba ved Nav i 30 år innanfor alle tenestene Nav tilbyr, seiste 8 år med sjukefråværsoppfølging og oppfølging av personar med helseutfordringar. I denne rolla har ho hatt mykje samarbeid med Vinje kommune som arbeidsgjevar gjennom oppfølging av sjukemeldte. 

Aslaug har utdanning innan informatikk, økonomi og veiledning.

Ho gledar seg til å starte i jobben og bli meir kjend med Vinje kommune frå innsida.