Hans Gunnar Hunsdal startar i jobben 1. mai, han kjem frå Dalen, men bur i dag i Seljord. Han har lang erfaring innan drift av IT system og har siste tolv åra jobba i firmaet Aspit AS der han har vore sentral i drift av kommunale system for mellom anna kommunane Seljord, Nissedal og Fyresdal.
Han har god kjennskap til systema me nyttar både i drift og på fagområda i kommunen. Me er svært glad for at Hans Gunnar valte oss og me ynskjer han velkomen.