Solveig Prestegard er på plass som rådgjevar for klima- og energinettverket for Vestfold og Telemark. Ho har kontorstad hjå oss.

Klima- og energinettverket som ho skal jobbe med er under etablering, og skal dekke heile Vestfold og Telemark fylke. Det skal vere regionens viktigaste kontaktpunkt for næringsliv, industri, kommunar, akademia og interesseorganisasjonar.

På hennar fyrste arbeidsdag signerte også Vestfold og Telemark fylkeskommune og Vinje kommune ei klimaavtale, der Vinje kommune stadfestar at me støttar fylkeskommunen sine langsiktige klimamål og vil gå føre som klimaansvarleg verksemd i vår region.

På biletet: Solveig Prestegard, seksjonsleiar for klima, miljø og internasjonalisering Anitra Fossum og Jan Myrekrok.