Synne Aasland starta i Integreringstenesta som flyktningkonsulent/programrettleiar 01.04.22. 

Synne kjem frå Åmot og er godt kjend i Vinje kommune. Etter fleire år i Tokke kommune som reiselivssjef, er ho klar for nye utfordringar i Integreringstenesta. Med sitt gode humør, god kjennskap til kommunen og mykje erfaring frå å møte mange og ulike menneske, er me glade for å kunne ynskje henne velkomen til Vinje kommune og integreringsarbeidet her.