Birgitte Yndesdal er tilsett som fagansvarleg på helsestasjonen.
Ho tok til i stillinga 20.09.21

Birgitte er 56 år og er opprinneleg frå Oslo.
Dei siste 22 åra har ho vore busett i Høydalsmo. Ho er gift og har tre vaksne søner.

Birgitte er utdanna helsesjukepleiar og har meir enn 20 års erfaring frå kommunalt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Ho kjem frå stillinga som leiande helsesjukepleiar i Tokke kommune.

Ho gler seg til å vera del av eit større fagmiljø og ser fram til å vera med å utvikle det helsefremjande og førebyggjande arbeidet, blandt born og unge i Vinje kommune.