Ann Kristin Marumsrud er tilsett som arkivleiar i Vinje kommune. Ann Kristin er gift og har tre vaksne born og bur på eit småbruk i Tinn der dei har nokre få sauer. Ho har lang og brei erfaring frå tilsvarande stilling i Tinn, Longyearbyen lokalstyre og Seljord kommune.

Ho er godt kjend med ePhorte og har erfaring med implementering av Elements frå tidlegare arbeidsplassar.

Denne hausten blir hovudoppgåva implementering av Elements for kommunane Vinje, Tokke, Kviteseid og brannsamarbeidet i Vest-Telemark. Ann Kristin vil i utgangspunktet jobbe frå heimekontor, men denne hausten vil ho vere mykje på kommunehuset for å bli kjend.

På fritida blir det mykje fjell og friluftsliv. Ho likar å fotografere, ho syng i kor og har ein hund som krev sitt.

Ann Kristin gler seg til å bidra med å vidareutvikle arbeidet med dokumentforvaltninga i Vinje kommune og er oppteken av å legge til rette for at verktøya me brukar skal vere til god støtte i arbeidskvardagen for sakshandsamar og leiarar og at sakshandsamaren skal oppleve mestring i bruk av systemet.