Me ynskjer å presentere forskjellige einingar på intranett, slik at me alle skal få betre kjennskap til kvarandres arbeidskvardag.

Fyrst ut er Rauland barnehage:

Me er 25 tilsette og er så heldige at to av dei er karar.

Det er 56 barn. Ein vanleg arbeidsdag i barnehagen er fylt med aktivitetar som tur i nærområdet, bading, gymsal, klatring, «eg og du tur», samlingar med ulike tema, tørking av snørr, skifte bleier, trøste, gyldne augneblikk, lære barn å spikke, utekino i bilar laga av pappaskar, skitur, sykkeltur, frileik, gardsbesøk, og dette er bare ein liten del av kvardagen vår.
Me har eit tett samarbeid med reiselivet, tur til Holtardalen og Vierli der me får bruke området gratis.
Ja ein jobb i barnehagen er ikkje kjedeleg, der kan ein bruke det ein er god på, ein har veldig mange mogelegheiter og få begrensningar.
Vår visjon: «Saman om ein god barndom, det er dei vaksne det kjem ann på»