Det er mykje informasjon på heimesida til Vinje kommune, dette kan du lese her

Ellers gjeld desse råda: 

  • Ver nøye med handhygiene under arbeid på offentlege plassar og bygg (skular, barnehagar, sjukeheimar etc)
  • Ha antibac liggande i bilen/på arbeidsplassen og vask dykk ofte.
  • Om det er særleg materiell som er naudsynt for å halde god drift på bygg og anlegg så bestill i god tid.
  • På fritida er dei generelle råda å halde seg unna store forsamlingar og risikoområde generelt.

Til driftsoperatørar og vegarbeidarar:

  • Ha antibac liggande i bilar og på anlegg og ver svært nøye med personleg hygiene, handvask, bruk av klede på RA og bytt til reint ved besøk av vassanlegg.
  • Om det ikkje er naudsynt med morgomøte på verkstaden så reis direkte ut på anlegga dykk skal drifte

Generelt så bør alle vise aktsemd og ha fokus på korleis ein skal unngå smitte. Om det skulle koma eit utbrot i Vinje vil fleire truleg måtte bistå kommunehelsetenesta utover dei faste oppgåvene, med tenester som innbyggjarane måtte trenge.