21. og 22. juni fekk sakshandsamarar i Vinje kommune kurs i klarspråk. Eit innhaldsrikt og bra kurs, halde av språkkonsulent Vidar Lynghammar.
Frå 1. januar 2022 vart klarspråk lovpålagt, og offentleg organ pliktar å kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa.

Kursdeltakarane fekk mange gode tips og råd, om korleis me skal kommunisere skriftleg til mottakarane med ein tydeleg og strukturert informasjon, slik at målgruppa forstår han og kan bruke han.

Etter dette bør nok alle einingane fornye mange av malane sine. Arbeidet med gode malar er veldig viktig fordi det sparar oss og mottakarane for mykje frustrasjon og misforståing.

Nyttige tips og råd

  • ha klart for deg kven som er mottakar av brevet/informasjonen
  • gjer det enkelt å finne fram i teksten
  • bruk forståelege og presise ord og setningar
  • ikkje ver redd for å bruke for mange komma i setninga
  • sett deg inn i rett skrivemåte som forkortingar, datoar, komma, uthevingar m.m. Det finn du på korrekturavdelingen.no

Kursdokumentet vil bli liggande her på intranett under Klart språk. Det er veldig nyttig og du bør sette av tid til å lese godt gjennom heile!