Her er litt informasjon om korleis feriepengar vert utbetalt og kva som er nyttig for deg å vita:

Ferie er i utgangspunktet ferie utan løn. Føremålet med feriepengar er å erstatte bortfall av løn når
du tek ferie. Du vil oppleve at det er trekk i feriepengane for den femte/sjette ferieveka. Det blir gjort
fordi Vinje kommune utbetalar feriepengar ein fast månad (juni), for så å betale vanleg lønn i ferien.

Opptening av feriepengar:
Du tener opp feriepengar før ferien skal takast ut, det vil seie i oppteningsåret. Kalenderåret du
avviklar ferien kallast ferieåret. Viss du ikkje har vore i fast arbeid heile oppteningsåret i kommunen,
har du rett til å ta ferie, men det er då ikkje sikkert du har opptent deg nok feriepengar til å dekkje
heile inntektsbortfallet i juni.
 

Når vert feriepengane utbetalt?
· Feriepengar vert utbetalt 12. juni i Vinje kommune, uavhengig om når ferien vert avvikla.
Samstundes får du eitt ferietrekk for talet på dagar du skal avvikle ferie.
· Viss du sluttar i Vinje kommune vert feriepengar utbetalt som sluttoppgjør. Utbetaling skjer
månaden etter fråtreding.

Kor mykje feriepengar har du krav på?

  • Feriepengane utgjer 12% av feriepengegrunnlaget i Vinje kommune .
  • Frå det året du fyller 59 år tener du i tillegg opp feriepengar med 2,3% av feriepengegrunnlaget.
  • I feriepengegrunnlaget inngår alt som du har fått utbetalt som arbeidsvederlag (lønn, sjukepengar m.m.) i oppteningsåret. Utbetalingar som gjeld reiseutgifter, losji og feriepengar går ikkje inn i feriepengegrunnlaget.
  • Feriepengegrunnlaget ser du på samanstillinga for oppteningsåret. Opptente feriepengar frå fjoråret finn du på lønnsslippane dine.


Ferietrekk for tilsette med månadslønn:

  • Tilsette med månadsløn og full feriepengeopptening blir trekt for fem ferieveker( evt. seks veker for dei over 60 år), slik at du får utbetalt ordinær løn under ferieavvikling. I og med at det ikkje er fem veker i ein månad, vert dei andre dagane trekt av feriepengane. Satsen for feriepengar vart høgna nettopp for å kunne dekkje opp for lønnsbortfallet i den ekstra ferien.
  • Nye tilsette som starta å arbeide i Vinje kommune i fjor, har opptent feriepengar til å dekke delvis ferie med løn. Feriepengar frå evt. tidlegare arbeidsgjevar skal takast med i grunnlaget.


Skatt på feriepengar:
Feriepengar er skattepliktig inntekt, og med i grunnlaget for berekning av skatten for inntektsåret.
Skattekortet er justert slik at det vert trekt litt meir skatt av dei vanlege lønningane resten av året.
Det vil sei at feriepengane er trekkfrie i juni, men skattepliktige.