For å bidra til minst mogleg koronasmitte i samfunnet, oppmodar vi alle tilsette til å følgje nasjonale råd og tilrådingar om utanlandsreiser, slik at berre nødvendige reiser blir gjennomført. Alle unødvendige reiser til utlandet frarådast.

Tilsette som reiser utanlands må følgje dei karantenereglane og råd for smittevern som til kvar tid er gjeldande. Det er viktig å setje seg inn i kva reglar som gjeld i det landet du reiser til, og kva reglar som gjeld når du kjem tilbake til Noreg.

Reiser til «gule land og regionar" utanom Noreg

Helsepersonell og andre tilsette med pasient/brukar-nært arbeid som reiser til «gule land og regionar» utanom Noreg, skal testast etter heimkost og før dei har nærkontakt med pasientar eller brukarar, iht. lokal rutine. Dei bør òg ha ein særleg årvakenhet ved eventuelle symptom.

Helsepersonell og andre tilsette med pasient/brukarnært arbeid som får besøk i heimen sin frå karantenepliktige land/"raude land og regionar" utanfor Noreg, bør vere særleg merksam på smittefare. Tilsette bør ha ein dialog med arbeidsgivaren sin om besøket i forkant, slik at det kan takast nødvendige forholdsreglar for å unngå auka risiko for overføring av smitte. Dette gjeld for alle som er i kontakt med tenestemottakarar i helse og omsorg, eksempelvis vaktmeistarar, reinhaldarar og tilsette ved avdelingar i skule og barnehage.

Endring av reiseråd – overgang frå "gul" til "raud" sone – utanom Noreg

Om reisemålet undervegs i ferien til tilsette skulle endrast frå «gult» til «raudt» kan arbeidstakar ha rett til sjukepengar dersom den tilsette må i karantene.

Dersom tilsette vel å reise til eit land der det på førehand er kjend at landet vil endrast frå «gul» til «raud» vil arbeidsgivar kunne nekte for eigenmelding/sjukmelding i karantenetida. Det same gjeld viss ein har hatt moglegheit til å kunne reise heim, men ikkje har valt å nytte denne moglegheita.

Tilsette som vel å reise til «raude land eller regionar», har ikkje krav på sjukepengar i karantenetida.

Følg smittevernreglar

Det er framleis viktig å følgje basale smittevernrutinar: halde avstand, hoste i albukroken og vaske hendene ofte.

I tillegg er det viktig at ein ikkje går på jobb med symptom på sjukdom. Som tilsett er det viktig at du informerer leiaren din, og kontaktar fastlegen din for testing, sjølv ved den minste mistanken om smitte.

Sjå her for oppdaterte reiseråd frå FHI