Vinje kommune har over fleire år hatt ordning med gratis treningstider for tilsette.
TDI har fleire gonger observert personar som ikkje er tilsette og personar som badar åleine. TDI/OAI og Rådmannen ynskjer å halde fram med ordninga, men understrekar at det er særs viktig at alle tilsette set seg inn i reglane og følgjer dei.
Ordninga gjeld berre for tilsette i Vinje kommune, alle har ansvar for å seie til dersom det skjer noko ureglementert.

Tilgang til basseng
Vinjehuset: Vaktmeister låser opp bassenget. 
Rauland: Nykelkort 
Edland: Nykelkort

Nykelkort
For å få nykelkort må du kontakte vaktmeister og signere på eiga avtale og betale kr 100,-. Nykelkortet er personleg og skal ikkje lånast ut til andre. 
Nykelkort kan du betale med vipps:
Rauland vippsnr 122615
Edland vippsnr 122621
Om du ikkje har vipps kan du betale inn på konto 2717070037, merk med namn og kva det gjeld.

Avtale i høve bading
Alle skal skriv under på avtale at dei forstår premissane rundt tilbodet for bading for tilsette. Dei som kjøper nykelkort hjå vaktmeister vil kunne skrive under avtala samtidig. For brukarar av Vinjehuset, ta kontakt med vaktmeister for underskriving av avtala. Avtala ser du her