Tilsette i Vinje kommune kan bli med på aktivitetskortregistrering og bli premiera med eit gåvekort.

Tidsrom:
Frå medio juli til og med mai kvart år. Kortet blir utdela på kvar eining. Informasjon om reglar og innleveringsdato står på kortet.

Kven kan bli med på ordninga?
Ordninga gjeld for tilsette med ein fast stillingsprosent i tidsrommet kortet gjeld. Tidsrommet står på kortet for kvart år. (Gjeld ikkje for dei som berre skriv timelister. Ordninga gjeld òg for dei som er i lønna permisjon.)
Det er den faste stillingsprosenten som er utgangspunktet for storleiken på gåvekortet.

Korleis fungerar registreringa:
Dersom du i tidsrommet”trenar” minst 45 min. (samanhengande) to gonger pr. veke – berre ei trening kan registrerast på helg og minst ei trening må gjennomførast på ein virkedag  (om du ”trenar” meir enn 45 min på ein dag, blir det berre registrert som ei trening).  Om du i det aktuelle tidsrommet har 86 eller fleire treningar à min. 45 min, vil du få eit gåvekort på:
kr. 1 200 (for tilsette med stilling som er  50% eller  meir) eller kr. 600 (for tilsette med stilling mindre enn 50%)

Det er ikkje høve til å registrere fysisk aktivitet knytt til å utføre arbeidsoppgåver privat eller på jobb.

Kan gjennomsnittsbereknast – kravet er altså 86 treningar i løpet av vekene i perioden – ikkje nødvendigvis to pr. veke.

Kor kan gåvekortet nyttast?
Gåvekortet skal nyttast på sportsbutikken i Åmot eller Rauland.  

  • Om du har postadresse 3864: gåvekort på Rauland Fjellsport
  • Dei andre postadressene:  gåvekort på Sport 1, Åmot

 

I tillegg vil det bli trekning av premiar blant alle tilsette som har oppnådd kravet til å få gåvekort.

1. premie: Sykkel levert av Sport 1, Åmot - verdi kr. 12 000,-
2. premie: Gåvekort  verdi kr. 10 000,-
3. premie: Gåvekort - Rauland Fjellsport - verdi kr. 6 000,-